STILLING · 6. november 2026
Barne- og ungdomsarbeidar
Valle kommune, Valle. Søknadsfrist: 22. november 2026.
Vil du vere med på å skape ein barnehagekvardag med omsorg, inkluderande leik og meistring?Med visjonen «Robuste barn i leikande miljø» søkjer Valle og Hylestad barnehagar ein fagleg engasjert barne- og ungdomsarbeidar til eit 100 % vikariat frå 4. januar 2027 til og med 8. august 2027.Valle kommune er i vekst, og me gleder oss over aukande barnetal i barnehagen. Me arbeider med kunnskapsmodellen og har helsefremjande oppvekst som eit sentralt satsingsområde. Gjennom leik, fysisk aktivitet og varierte uteopplevingar legg me til rette for meistring, rørsleglede og deltaking i fellesskapet. Målet er å fremje trivsel og utvikling og bidra til å utjamne sosiale forskjellar. …
Kjelde: Valle kommune. Les heile utlysinga og søk på 480000.webcruiter.no ↗
